Ravioli med spinatfyll og sitronsmørsaus

1 h
4Porsjoner
Medium
Ravioli er pasta der ein har eit valfritt fyll som er lagt i mellom to plater med tynn pastadeig og servert med enten saus eller kraft. Allereie på 1500-talet var ravioli godt kjent i Roma og er stadig ein svært populær italiensk rett.
Alle ingredienser
Pasta:
  • 200 g durum semolina
  • 200 g kveitemjøl 
  • 4 store egg

Spinatfyll:

Sitronsmørsaus:
  • 2 middels store sitron 
  • 6 store ss smørsvart
  • pepar 
  • fersk basilikum
  • parmesan, til servering
Tilberedning
  1. Bland saman alt mjølet og hell det ut på kjøkenbenken i ein stor haug. Lag ei fordjuping midt i mjølet slik kantane rundt dannar ei grop. Ha egga i midten. Bruk gaffel eller fingrane til å røre rundt i egga samtidig som du dreg med deg litt og litt av mjølet inn i egga. Hald fram slik til du til slutt har fått ei ganske fast deig. Kna saman deiga til den blir smidig og glatt utan å klistre for mykje. Pakk deiga inn i plastfolie og legg klar i kjøleskapet i ca. 30 minutt før bruk.
  2. Skjær opp spekeskinka i små bitar. Varm opp ei steikepanne med litt olivenolje og steik skinka til den blir gylden. Ha i spinat og kvitløk og la det steike til den krympar saman. Ha gjerne i meir olje etter behov. Skru av varmen på plata og ha i mascarpone og basilikum . Rør godt rundt og smak til med salt og pepar. Set til sides.
  3. Del opp pastadeiga i 3-4 emne og trykk dei lett flate. Bruk pastamaskin eller kjevle og lag breie og tynne remser som er ca. 2-3 cm tjukke. Bruk ein kakeutstikkar eller raviolikuttar og lag runde eller firkanta pastaskiver. Legg på 1 ts med spinatfyll på annankvar skive og pensle lett med litt vatn rundt kantane. Legg ei ny pastaskive oppå den med fyll og trykk dei to godt saman slik dei forseglar fyllet inni. Legg dei ferdige ravioliane på eit fat med rikeleg av mjøl mellom slik dei ikkje klistrar saman.
  4. Kok opp lettsalta vatn i ein stor kjele. I mellomtida kan du lage sausen. Skvis sitronane på ei sitronpresse slik du får ut all safta. Smelt smøret i ei steikepanne og la det bli lysebrunt. Ha i sitronsafta og la det småputre i ca. 3-4 minutt. Krydre med svart pepar. Kok pastaen med ein god klunk olivenolje i ca. 4-5 minutt, eller til den er al dente. Hell av kokevatnet og ringle over litt olivenolje slik pastaen ikkje klistrar saman. Server ravioli med sitronsmørsaus og strø over fersk basilikum og riven parmesan.

Takk til Mari-Lene Korsnes for lån av oppskrift og bilde. Sjekk ut matbloggen hennes medhjerteformat.com for flere gode oppskrifter.